
Me får krafta fram
- nett der du er
Sygnir er med på å rusta Sogn for ei framtid i det grøne skiftet. Me driftar eit nettverk på om lag 2500 kilometer, og har investeringsplanar inne for nærare 800 millionar kroner dei neste ti åra. Desse skal vera med på å leggja til rette for regional vekst og utvikling med fornybar energi som ressurskjelde.
Våre tilsette jobbar kvar dag for å sikra bebuarar i Sogn ei stabil og sikker straumforsyning. Dette er vårt primæroppdrag, og me tek det på største alvor. I dag leverer me straum til om lag 13400 nettkundar i kommunane Vik, Sogndal, Aurland og Lærdal. I tillegg har selskapet nettanlegg i kommunane Høyanger og Luster.
Eit samarbeid på tvers av regionen
I 2021 slo nettverksemdene i Sognekraft, Lærdal Energi og Aurland Energi seg saman og danna nettselskapet Sygnir. Fusjonen skjedde etter at staten hadde lovbestemt at det skulle verte eit selskapsmessig skilje mellom nettverksemd og anna verksemd i kraftselskap. Bakgrunnen for lova var å skilje monopolverksemd frå konkurranseutsett verksemd.
Sygnir er no mellom dei 20 største nettselskapa i landet. Våre over 80 tilsette jobbar på tvers av regionen og me har kontorstad både i Balestrand, Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland.
Sognekraft AS eig 80% av selskapet, medan Lærdal Energi AS og Aurland Energiverk AS eig 10% kvar.
Kvifor Sygnir
Sygnir er det norrøne namnet på dei som budde i det gamle Sygnafylket, eller på oss sogningar som er nemninga me nyttar i dag.
Me er stolte over opphavet vårt og historia vår. Me kjenner folket som bur her og me kjenner utfordringane naturen vår byr på.
Sygnirnamnet har kraft i seg, og kraft er det me skal transportera og levera – kvar einaste time året rundt, uansett vind, vêr og terreng.
Jobbe i Sygnir?
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sygnir vere verksemda for deg.
Nøytralitet - Krav til å opptre nøytralt
Nettselskapa er underlagt forskriftsfesta krav til å opptre nøytralt og ikkje-diskriminerande ovanfor sluttkundar, kraftleverandørar og produsentar.
Krav til nøytralitet følgjer av forskrift om nettregulering og energimarkedet og forskrift om måling, avrekning, fakturering av nett-tenester og elektrisk energi, nettselskapets nøytralitet mv
Lovverket stiller krav til at nettselskapa skal offentleggjere ein årleg nøytralitetsrapport innan tre månadar etter årsskiftet på eiga nettside
Her kan du sjå våre rapportar om nøytralitet: