Saman er me Sygnir

Kvifor samanslåing ?

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) krev at nettverksemdene skil seg tydeleg frå både kraftproduksjon og sal av straum, fordi nettdelen er monopolverksemd.

Nettverksemda til Sognekraft har skifta namn til Sygnir AS. Samstundes har nettverksemdene i Lærdal Energi, Aurland Energi og Sognekraft slått seg saman til eitt selskap.

Val av felles namn for dei samanslåtte selskapa blei Sygnir.

Ein del av Sognekraft

Sjølv om nettverksemda i Sognekraft no får nytt namn, Sygnir, vil me framleis vera same familien. Sygnir AS er eigd av morselskapet Sognekraft AS, og vert eit dotterselskap i konsernet Sognekraft. Også Lærdal Energi Nett og Aurland Energi Nett vil ha eigardeler i Sygnir AS.

Det er Sygnir som skal sjå til at du får straum transportert til huset og arbeidsplassen din kvar einaste time året rundt. Det er me i Sygnir som skal sjå til at hundrevis av kilometer med straumførande linjer og kablar til ei kvar tid fungerer, slik at du er sikra trygg og stabil straumforsyning.

Fjord og fjell med snø på toppane
Fjordspenn ved Nedberge/Aurland

Kvifor Sygnir?

Namnet kom me fram til etter ein omfattande prosess mellom dei tilsette. Det var Sygnir me ville heita.

Sygnir er det norrøne namnet på dei som budde i det gamle Sygnafylket, eller på oss sogningar som er nemninga me nyttar i dag. Me er sogningar, me er stolte over opphavet vårt, stolte over historia vår og stolte over å koma frå Sogn. Me kjenner folket som bur her og me kjenner utfordringane naturen vår byr på.

Sogningen er kjent for å vera direkte og handlekraftig. Sygnir har kraft i seg, og kraft er det me skal transportera og levera – kvar einaste time året rundt.

Aurland, Lærdal, Vik og Sogndal

Sygnir vart mellom dei 20 største nettselskapa i landet når me i nettverksemdene til Aurland Energi , Lærdal Energi og Sognekraft nyleg slo oss saman. Dette skjedde etter ein lang og god prosess der me hadde vorte godt kjende med kvarandre. Me såg tidleg at dette var til det beste for kundane våre, og til det beste for å sikra lokalt eigarskap, arbeidsplassar og lokal verdiskaping.

Montør i toppen på mast i Lærdal

Namneskifte sakte, men sikkert 

Når vil du som nettkunde merka og sjå noko til Sygnir? Det beste svaret her er litt etter litt. Det tek tid å omprofilera meir enn 50 bilar og lastebilar, det tek tid å skilta om fleire hundre nettstasjonar -berre for å nemna litt. Me har heller ikkje tradisjon for å kasta pengar ut vindauget; difor skal me slita ut arbeidskleda som er profilert med Sognekraft, Lærdal Energi og Aurland Energi før me kler på oss nytt med Sygnir-profilen på.

Uansett er det slik at dei aller fleste endringane sentrale styremakter har pålagt oss å gjennomføra, er endringar du som nettkunde aldri vil merka noko til.

Bratt, brattare, Sygnir

Det me kan garantera deg er at Sygnir ikkje vert som alle andre nettselskap. Me er det nettselskapet i landet med den desidert brattaste og mest utfordrande naturen. Og i Sygnir spelar me på lag med naturen, der me ofte finn smarte og framtidsretta løysingar ved bygging og drift av nettanlegga våre. Me er det nettselskapet i landet med dei tøffaste og mest kunnskapsrike energimontørane. Tøffe fordi dei veit korleis dei skal ta seg fram på sikkert vis i stupbratt natur, for å sikra deg straum i kontaktane dine kvar einaste time året rundt. Kunnskapsrike fordi dei kan meir om å få straumen fram i og gjennom utfordrande topografi enn nokon andre.

Me er Sygnir – me får krafta fram