Auka beredskap til ekstremvêret Jakob

Ekstremvêret Jakob er varsla å treffe Indre Sogn frå torsdag 31. oktober, med kraftig regn og auka fare for flaum, jordskred og sørpeskred. For å imøtekoma dette, aukar Sygnir beredskapen.

Nytt straumkart og innmeldingsskjema

For å sikra stabil straumforsyning har Sygnir oppbemanna med ekstra mannskap inn mot uvêret som ventar. Ved eventuelle straumbrot vert kundar oppmoda til å bruke straumkartet for oppdateringar.  

- Dette bidreg til å lette på trykket på telefonlinjene, slik at viktig informasjon kan komme raskt fram, seier John Kroken, leiar for nettstyring i Sygnir. 
 
Om publikum er vitne til skred, straumbrot, tre som har falt over linjer, eller vatn som trugar tekniske installasjonar, kan det vera svært nyttig å melde dette inn til Sygnir. Dette kan ein gjera ved å nytta innmeldingsskjemaet på nettsida, noko som vil vera til stor hjelp for vurdering og oppfølging i felt. 

– Slik kan ein vera med å bidra til at straumen kjem raskare attende. Kundar kan også leggje igjen talemelding om det oppstår kø på linjene, legg John til.  


Forrige
Forrige

Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring

Neste
Neste

Me bryr oss om din tryggleik! Ta elsjekken og vinn fine premiar