Smarte grep for nettleiga 

Vinterstid er ei tid der straumforbruket og dermed vil også nettleiga auka, samanlikna med resten av året. Men det finst fleire gode tiltak som påverker – og bidreg til å redusera nettleiga.  

Korleis fungerer nettleiga? 

Straumnettet er eit spleiselag der alle kundar bidreg til å dekka kostnadane med drift, vedlikehald og utbygging. Når kostnadane aukar, som til dømes ved oppgradering av gamle anlegg eller bygging av nytt nett, må nettleiga justerast opp. På same måte skal ho reduserast når kostnadane går ned. 
 
Les meir om nettleige her.

Dei neste åra vil investeringane i straumnettet auka lokalt og nasjonalt som følgje av elektrifisering av transport, industri og hushald, og følgjande er det også venta at nettleiga jamnt over i Noreg vil auka.

Samtidig jobbar Sygnir kontinuerleg med tiltak for å redusera driftskostnadane og halde nettleiga nede. Dette inkluderer til dømes å gjera smarte tiltak som til dømes effektivisering av vedlikehald, drift og bruk av dronar for raskare inspeksjon og oppdaging av feil. Slik bidreg me til både betre ressursutnytting og meir stabil drift for kundane våre. 

Kva kan du som kunde gjera?

Som kunde er det fleire ting du sjølv kan gjera for å påverke nettleiga di.  
 
Kapasitetsleddet i nettleiga – som baserer seg på toppforbruket ditt – utgjer ein del av det du betalar. Ved å jamna ut forbruket gjennom døgnet kan du spare pengar og hjelpe til med å utnytta straumnettet betre. 

Her er nokre konkrete tips til korleis du kan redusera nettleiga: 

  • Unngå toppar:  Unngå å bruke fleire store apparat samtidig, som vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin, samstundes som ein eller fleire dusjar. 

  • Fordel lading:  Lad elbilen om natta eller tidleg om morgonen når belastninga på nettet er lågare. 

  • Automatiser forbruket:  Bruk smarthusteknologi for å styra oppvarming, lading og andre energikrevjande aktivitetar til tider med låg belastning. 

Små justeringar kan utgjera store forskjellar både for lommeboka di og straumnettet! 


Neste
Neste

Få med deg nyhendebrev