Sygnir sine eigne fagutdanna montørar driv Feios-prosjektet framover

Arbeidet med å byggje 132 kV-linja mellom Feios Kraftverk og Dagshovden går godt, og Sygnir sine eigne fagutdanna montørar har ein sentral rolle i prosjektet.

Sjølv med krevjande terreng og utfordrande forhold er prosjektet no godt i rute, takka vere god innsats over heile linja. 

Samansveisa gjeng

Sygnir er eit av få nettselskap i Noreg som byggjer 132 kV-linjer sjølv, noko som gjer prosjektet spesielt. Mindre spesielt vert det ikkje av at prosjektet i stor grad vert driven fram av Sygnir sine eigne faglærte montørar. Ein av dei med ekstra ansvar er Lars Magnus Bungum (sjå video øvst), som tidlegare i år bestod fagprøven etter å ha vore lærling i Sygnir i to og eit halvt år.  

Montørar dreg i Stolpe

I bratt og ulendt terreng har det vore fleire tøffe tak for montørar og lærlingar, som del av linjebygginga til Feios Kraftverk, denne hausten. 

- Det har vore veldig gøy å føla at eg har tilliten til å kunne ta ansvar. Eg har i hovudsak hatt ansvar for det som skjer ute i feltet, på fjellet, med stolpar og når helikopteret skal flyga dei på plass, forklarar han.  

Ein del av ansvaret har han delt med Thea Flesland Gjerstad, som fullførte si fagutdanning i Sygnir på tampen av 2022..  

Montørar i felt på fjellet

Thea Gjerstad Flesland (t.v i biletet) er blant montørane med ekstra ansvar i felt under prosjektet. Her mer Lars Magnus (midten) og prosjektingeniør Jomar Leirdal. 

- Dei siste månadane har vore veldig kjekke, og me har blitt ein skikkeleg samansveisa gjeng her oppe. I tillegg lærer man ein god del når ein deltek i slike store prosjekt. Dette er jo også ein del av grunnen til at eg vil vera i Sygnir - at ein får slike moglegheiter.  

God framgang

Trass utfordringar i starten, mellom anna med ein streik som forseinka leveranse, har prosjektet gått utan store problem . Medan fundamenteringa allereie er ferdigstilt på 43 av 47 stolpefundament, er målet no å få alle stolpane på plass før vinteren set inn. 

– Me håpar å få ferdigstilt alt av stolpar og traversar før det blir ordentleg kaldt. Då vil me vere klare til å starte strekkinga av linja til våren, seier Lars Magnus. 

 Prosjektleiar Stian Skåsheim er svært nøgd med framgangen i prosjektet.  

 – Arbeidet har gått over all forventning, i alle fall om ein ser på utfordringar som var i startfasen. Sidan då har det meste gått på skjener takka vera god innsats frå alle involverte.  

Portrett Stian Skåsheim i fjellet

Stian Skåsheim er porsjektleiar for linjebygginga ved Feios.

Ein vinn-vinn situasjon 

Stian fortel at han er ekstra imponert over dei unge montørane, som verkeleg har teke ansvar og tatt store steg i løpet av kort tid.  

- Eg har latt meg imponera over kor godt dei unge montørane har tatt vare på denne tilliten, med gode haldningar og stort engasjement frå dag èin.  

- Ein del av dei litt meir erfarne lærer meir også ved å jobba på denne måten – då me testa vår kunnskap, og får reflektert litt ekstra over spørsmåla kjem. Det er med andre ord ein vinn-vinn situasjon som me alle tenar på, avsluttar han.   


Forrige
Forrige

Få med deg nyhendebrev

Neste
Neste

Lovise stortrivst som lærling: - Jobbar som eit team