7 straumsparetips til jul

Å fyra i peisen med tørr ved kan vera ein kostnadseffektiv måte å redusere straumforbruket på i jula. Les fleire straumsparingstips i saka under.

I jula aukar ofte straumforbruket, men små grep kan hjelpa både med å spara energi og pengar. Her er nokre av våre beste tips til korleis du kan redusera straumforbruket – utan at det går utover julegleda:

1. Planlegg matlaginga smart

Steik ribba tidleg på dagen, då straumprisane ofte er lågare. Tilbered fleire rettar samtidig i omnen for å utnytta varmen betre, og slå av komfyren litt før maten er ferdig – ettervarmen gjer resten. Langtidssteiking på lågare temperatur kan også redusera straumforbruket, og resultatet er ofte enda betre julemat.

2. Senk temperaturen når du er vekke

Om du reiser vekk i jula, kan du skru ned temperaturen noko i huset for å redusera straumforbruket den tida du ikkje er der. Sørg for at temperaturen ikkje blir for låg i rom med røyr, dette for å unngå frostskadar.

3. Juster varmen når huset vert fylt med gjester

Gjestene dine bidreg med varme – kvar person produserer om lag 100 watt, og stearinlys bidreg med nesten like mykje. Juster ned temperaturen like før gjestane kjem – så sparar du straum, samstundes som at det ikkje vert for varmt i juleselskapet.

4. Unngå nedkjøling frå varmepumpa

Sørg for at varmepumpa står på «heat» og ikkje «auto» for å unngå at den brukar energi på å kjøla ned juleselskapet. Varmepumpa bør stillast inn på ein høgare temperatur enn panelovnar og golvvarme i rom der varmen kan smitta over. På den måten utnyttar du varmepumpa sitt potensiale, som gir 3-5 kW varme per kW straum, medan panelovnar og golvvarme berre gir 1 kW varme per kW straum.

5. Bruk levande lys og LED-pærer

Julelys gjev hyggjeleg stemning, men om mogeleg vel LED-pærer til lysdekorasjonar. Dei brukar langt mindre straum enn tradisjonelle pærer. Kombiner dette med levande lys for både koseleg atmosfære og lågare energiforbruk.

6. Skru av elektriske apparat

Unngå å la apparat stå i «standby»-modus – det brukar unødvendig straum. Skru heilt av apparat som TV-ar, ladarar og kaffimaskiner når dei ikkje er i bruk.

7. Luft effektivt og kort

Skal du lufte ut etter juleselskapet? Opne fleire vindauge i kort tid i staden for å ha eitt vindauge på gløtt over lengre tid. Då bevarer du varmen i veggar og golv.

God straumsparande jul frå oss i Sygnir! 🎄


Forrige
Forrige

Ver obs på brannfarane i jula

Neste
Neste

Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring