Ver obs på brannfarane i jula

Levande lys er ein vanleg brannårsak i jula, og det er viktig å alltid sløkke dei før du forlèt rommet.

Julehøgtida er høgsesong for bustadbrannar. Heldigvis kan du sjølv gjera mykje for å redusera risikoen. Her er nokre enkle, men viktige tips for å sikra ei trygg og god julehøgtid:

1. Grunnleggande branntryggleik

  • Sløkk alltid levande lys før du forlèt rommet.

  • Sørg for at røykvarslarane fungerer – test dei jamleg og bytt batteri ved behov.

  • Ha brannsløkkingsutstyr som brannslokkar og brannteppe lett tilgjengeleg.

2. Trygg matlaging

  • Forlat aldri komfyren medan maten står på, og skru alltid av etter bruk.

  • Ikkje lag mat om du er trøytt eller berusa.

  • Bruk lokk, brannteppe eller sløkkespray ved komfyrbrann – aldri vatn.

  • Hald det ryddig rundt komfyren, og rens kjøkkenvifta for matfett.

  • Installer komfyrvakt for ekstra tryggleik.

3. Sikker bruk av julebelysning

  • Slå alltid av julelys om natta eller når du forlèt huset.

  • Plasser lys og dekorasjonar i trygg avstand frå brennbart materiale.

  • Unngå leidningar som blir klemt i vindauge eller dører.

  • Vel CE-merka lys og bruk gjerne LED-belysning som ikkje blir like varme.

4. Trygg oppvarming

  • Sjekk støpslar og stikkontaktar for teikn på varmgang eller brunsvidde merke.

  • Unngå bruk av skøyteleidningar til varmeovnar og panelovnar.

  • La fagfolk kontrollere det elektriske anlegget ved behov.

Kjelde: Elsikkerhetsportalen.no


Forrige
Forrige

Lovise stortrivst som lærling: - Jobbar som eit team

Neste
Neste

7 straumsparetips til jul