Lovise stortrivst som lærling: - Jobbar som eit team
- Å bli lærling i Sygnir kjentest heilt naturleg for meg: Eg likar å bruka hendene og vera ute i naturen samtidig som eg får bruka hovudet, seier Lovise Nummedal Bryn.
Tidlegare i år byrja ho som energimontørlærling for Sygnir, på montørbasen i Vik. I haust og inn mot vinteren har ho jobba mykje på det spennande linjebyggingsprosjekt i Feios, der Sygnir byggjer 132 kv linje frå Feios Kraftverk til Dagshovden i Vik.
Lovise kjem frå Vik, og vart nyleg uteksaminert frå VGS i Sogndal på elektrolinja.
Sjølv er ho tydeleg arbeidskvardagen til no har gjeve meirsmak.
- Arbeidsmiljøet i Sygnir er veldig bra. Me jobbar som eit team og eit lag. Ein får jo mange fine naturopplevingar når ein er ute i naturen, og ein får stadig lært mykje nytt, seier ho.
Oppe i høgda i Feios har ho jobba mykje med ein god blanding av lærlingar, unge fagutlærte og erfarme prosjektleiarar. Ei av dei som har hatt mykje ansvar i prosjektet, Thea Gjerstad Flesland, har mange lovord å komma med om Lovise:
- Lovise er ein kjempedyktig kollega og tek ting fort, så det er veldig kjekt å ha ho med på laget. Ho kjem til å klara seg godt, sler Thea fast.
Lovise likar godt å ta i eit tak. Her i arbeid saman kollega Thea Flesland Gjerstad, på riggfeltet i Feios.
I haust har det vore 13 lærlingar inne i Sygnir der fire av dei gjekk opp til fagprøva i desember. Det vil seie at mange fleire nye lærlingstillingar vert lyst ut att til våren. Leiar nettmontasje Daniel Meisterplass påpeiker at sjølv om montørfaget historisk har vore svært mannsdominert, ser han at fleire kvinner no byrjer å få augo opp for faget.
- Per no er det tre kvinnelege montørar hjå oss, der to av dei er lærlingar. Med alle teknologiske framskritt som har vore i denne jobben er det svært lite i dag som skulle tilseie at yrket held fram med å vera så mannsdominert som ho har vore. Behovet for nye og dyktige montørar er stort, og me ønskjer alle velkommen til å søkja seg inn som lærling hjå oss, seier han.
Lovise sper på:
– Montørfaget er variert arbeid som passar for alle som likar å vera i aktivet, men det handlar om meir å klatra i stolpar og utføring av tungt arbeid. Her får ein jobba med spennande teknologi og vera med i utviklinga av framtidas energiløysingar.
– Me treng alle dei kloke hovuda som er der ute til å vera med og bidra til å legga rette for ei elektrifisert framtid, avsluttar ho.
Ynskjer du å jobba som montør i Sygnir? Sjølv om det ikkje er lyst ut stillingar per no kan du likevel søkje på Open Søknad i søkjarportalen.
Lovise er klar i si tale: Ho anbefalar å søka lærling i Sygnir.