Elisabeth gjekk frå trainee til leiarstilling: - Anbefaler på det sterkaste å søka
Karrierevegen skaut fart etter at Elisabeth Stokkenes tok del i traineeprogrammet til Framtidsfylket i 2016.
- Hadde eg ikkje søkt, så hadde eg ikkje vore der eg er i dag, seier Elisabeth Stokkenes.
31-åringen frå Luster jobbar som avdelingsleiar for regionalnett og var i 2023 inne som konstituert direktør nett for Sygnir i eit par månader. Sjølv tok ho sine første steg i Sognekraftkonsernet i 2016, innan elkraft og prosjektleiing i Framtidsfylket sitt trainee-program.
Ein god arbeidsplass
Målet med trainee-programmet er å gje nyutdanna ein unik start på karrieren blant attraktive arbeidsgjevarar i fylket.
- Når du kjem rett frå utdanning så jaktar du din første jobb der du får nytta utdanninga di i ein interessant jobb. Når det dukka opp ein relevant stilling i ein spanande bransje så var det ikkje mykje å lura på for min del, seier Elisabeth.
Elisabeth har verkeleg synt kva ho er god for sidan ho kom inn i Sognekraft-konsernet i 2016. I mars og april er ho konstituert konserndirektør nett i Sygnir.
Gjennom programmet til Framtidsfylket fekk ho moglegheit til å utveksle erfaringar med andre som var i same situasjon, på tvers av ulike bransjar, noko ho omtalar som gjevande. Og det skulle ikkje ta lang tid før Elisabeth fann seg til rette i det som skulle ende opp med å bli hennar arbeidsplass på fast basis.
- Eg forstod fort at eg hadde komme til ein god arbeidsplass. Eg fekk raskt tildelt ansvar med ulike prosjekt å jobbe med. Når det ordna seg med fast stilling heldt eg fram med ein del av oppgåvene eg hadde hatt som trainee.
- Har imponert
Når det no er lyst ut ei ny traineestilling så er ho i alle fall ikkje i tvil med sine råd:
- Det er berre å hoppa i det. Eg anbefaler på det sterkaste å søka. Erfaringa mi tilseier at om ein først har fått sjansen her, så vil dei aller fleste nytte seg av den.