Informasjon relatert til byggjeaktivitet i Feios
Sygnir skal byggja kraftleidning i Feios, i samband med bygginga av Feios Kraftverk. Bygginga vil skje i området mellom Håastrondi, Dagshovden, Kallbakk og Åfetdalen.
I samband med arbeidet vil det vere anleggsaktivitet i området, noko som mellom anna inkluderer helikoptertransport.
Området vil primært vera opent for fri ferdsel i heile anleggsperioden, og me ber difor trafikantar ta omsyn til mannskap, anlegg og trafikk. Med tanke på tryggleik er det viktig å følgje med på skilting og halde fornuftig avstand frå anleggsaktivitet eller anna byggjerelatert arbeid.
Sygnir ber om orsak for eventuelle ulemper anleggsaktiviteten måtte medføre. Oppdatert info om utbyggingsprosjektet, som har planlagt ferdigstilling i 2026, finn du på Sognekraft sine heimesider.