Tøffe tak i Lærdal og Aurland
Montørane i Lærdal har hatt mykje jobb med reparasjonsarbeid den siste tida.
- Eg har måtte løpa frå ein middag eller to som har vorte kald til eg kjem heim. Men slik lyt det berre vera, seier Hallgeir Bøe.
Det har gått nokre veker sidan det smalt i ei 300 kilovoltslinje frå Statnett i Borgund, 16. august, då Lærdal kommune tidvis var utan straum. Saman med dei andre montørane i Lærdal og Aurland har Hallgeir fleire gonger vorte kalla ut den siste perioden, i samband med utkoplingar i området.
- Me har prosjekt og vedlikehald som me skal gjennomføra, men mykje tid har nyleg gått med til å reparera det me meiner kan vera følgjefeil etter skaden frå overliggjande nett. Ein del har vorte handtert med å kopla om nettet. Men noko har dessverre ført til straumutkoplingar.
Sindre Blaaflat Breivik (midten), Hallgeir Bøe (t.h) og dei andre montørane i området har nok å ta tak i den siste tida, men humøret er ikkje noko å seia på.
Ikkje unaturleg
Driftsleiar John Kroken i Sygnir fortel at følgjefeil slett ikkje er uvanleg etter større hendingar slik ein såg i Borgund for nokre veker sidan.
- Me skal ikkje seie noko sikkert, men dette er noko me kjenner frå andre plassar. Med påkjenning frå overliggande nett så kan det skade nettanlegg ved oppstart og seinare tidspunkt. Dette ser me indikasjonar på i Lærdal.
- Det er både tids- og ressurskrevjande. Me har vore heit avhengig av innsatsen til alle som har stilt opp, og at ein tek ansvar for å vareta så god beredskap som mogleg.
Ein trafokiosk tok fyr og måtte erstattast etter straumbrotet i Borgund i midten av august.
Sygnir har dei siste åra investert for store summar og kjem til å investera nærare 800 millionar kroner til oppgradering av nett i åra som kjem. Dette for å gjera nettet meir robust – slik at det kan handtera framtidig klima og samstundes vera rusta for det grøne skiftet. Berre i Lærdal er det investert kring 100 millionar der ein no er i slutten av ein oppgraderingsfase som skaut fart i 2021.
- I denne fasen så er me meir sårbar for eksterne påverkningar, fordi me brukar reserveforbindelsar medan me gjer dei nødvendige oppgraderingane. Det er det same som skjer i Aurland no, der ein også held på med liknande arbeid. Der har ein også sett ei auke i utkoplingar, seier John og legg til at i oppgraderingsfasen vil dei to områda verte påverka av kvarandre slik ein også har sett den siste tida.
Står på vidare
For Hallgeir, Sindre og resten av montørgjengen betyr dei at dei må stå på med det gode arbeidet vidare - med eit moderne og meir robust nett til kundane som resultat.
- Det er jo spanande med litt ekstra utfordringar, og kundens behov kjem alltid først - sjølv middagen ofte smakar best varm, avsluttar han.