Slik reduserer du enkelt straumforbruket

Lyspære som sparegris

Sommarferien er no over for dei fleste, men også på seinsommaren kan ein nyta fine dagar med høge temperaturar. Straumforbruket går ofte ned når det er varmt, men framleis er det ein del kostnads- og miljøsparande grep ein kan ta for å redusera forbruk i varmen. 

Sju enkle råd å følgja

1. Skru ned varmen 

Mange trur at termostaten tek seg av straumsparinga, men om du har golvvarme kan det vere at du varmar opp rom som burde vere kalde. Sjekk også temperatur på panelomnar. Eit generelt råd er å skru varmekjeldene ned eller heilt av når det er varmt ute, og pass på at ingen varmekjelder skrur seg på automatisk om natta.  

 

2. Reduser aircondition-forbruk 

Det er kan vera freistande å effektivt å kjøla ned stova med apparat, men med mindre det ikkje er nødvendig så hugs at det alltid er billegare å opne eit vindauge eller to. Dette gjeld sjølvsagt også på nattestid når det er mogeleg. Brukar du varmepumpe til kjøling eller har aircondition, bør du hugse på å justere temperatur og innstilling for når du ikkje er heime. Enkelt sagt, unngå å kjøle ned eit tomt hus.  

3. Steng sola ute 

Sola kan varme opp huset ditt ein god del på sommarstid. Ved å bruke utvendig solskjerming som markiser eller persienner kan du redusere varmetilførselen ytterlegare. Utvendig solskjerming er mykje meir effektivt enn innvendige gardiner eller persienner.​  

4. Reduser bruken av varmtvatn 

Oppvarming av varmtvatn utgjer ein stor del av straumforbruket i norske heimar, ofte så mykje som 20 prosent av det totale straumforbruket. Ta kortare dusjar, og bruk kaldare vatn når temperaturen ute er høg. Fem minutt med dusjing brukar omtrent 80 liter vatn, noko som tilsvara omtrent 2,5 kWh.
 

5. Bruk naturleg soltørking 

Heng kleda ute i sola i staden for å bruke tørketrommel. Dette sparar straum og gir kleda ein frisk duft. Enten du brukar klessnor eller tørkestativ, kan du nyte den friske sommarbrisen samtidig som du sparer pengar​.

 

6. Fyr opp grillen 

Unngå å bruke komfyren i dei dyre ettermiddagstimane ved å lage mat ute på grillen. Dette er ikkje berre kostnadseffektivt, men resulterer jo ofte også i god mat!  

 

7. Unngå standby-modus for el-apparat 

Visste du at el-apparat brukar nesten like mykje straum når dei er i standby-modus som når dei er i bruk? Hugs å skru av det du ikkje brukar av el-apparat, og dra ut støpsel til både PC, TV, stereoanlegg, spelekonsol og ladar dersom du skal reise bort. Slik sparar du straum OG unngår unødvendig brannfare.  

Ved å følgje desse enkle råda kan du redusere straumforbruket ditt, noko som ikkje berre vil redusere kostnadane dine, men også hjelpe miljøet. Lukke til med straumsparinga! 


Forrige
Forrige

Godt i gang med linjebygging i Feios

Neste
Neste

Har du mista straumen og ikkje fått melding om det?