Godt i gang med linjebygging i Feios

Portrett Stian Skåsheim i fjellet

Stian Skåsheim er porsjektleiar for linjebygginga ved Feios.

- Me er mange som har gleda oss til dette prosjektet, så no er det godt å endeleg vera i gang, seier prosjektingeniør Stian Skåsheim.  
 
Sygnir fekk grønt lys for oppstart av bygging av nett til Feios Kraftverk. Det er ein 132 kV kraftleidning som no skal byggjast mellom Feios kraftverk og til eksisterande linjenett ved Dagshovden. 

-  Me er eit av få nettselskap i landet som byggjer 132 Kv-linje sjølve, så dette er eit veldig spanande arbeid å ta fatt på.

Feios Kraftverk er for tida Noregs største nye vasskraftverk under bygging, og vert med sine 98 GWh pr. år eit viktig bidrag til det grøne skiftet.  
 
- For å utnytta krafta lyt ein ha linjer til å føra krafta fram på, påpeiker ein munter Stian.  

Borerigg Feios

Arbeidskontoret er rigga til godt oppe i fjellet med nærleik til linje.

Minimera avtrykk

Linja vil strekkje seg ca 4,6 kilometer mellom Feios Kraftverk og Dagshovden. Det er eit til dels bratt og myrlendt terreng det skal byggjast linjer i, men desse utfordringane er Stian og kollegaene godt kjende med, for Sygnir driftar det som nok er Noregs brattaste nett.  

- Me har flinke folk i sving som veit kva dei gjer. Med denne type arbeid må tryggleik vera i sterkt fokus, samstundes som me effektivt manøvrerer oss fram i terrenget skal me prøve å gjera det på ein skånsam måte mot naturen.    

For å unngå djupe sår i myrlendt terreng vert det i startfasen av prosjektet lagt opp til å flyge boreriggen på plass.

Helikopter flyr borerigg

Eit lite helikopter bidreg til å effektiv få mastene på plass, slik at inngrep i myrlendt terreng vert redusert.  

- Me ønskjer å køyre minst mogeleg i terrenget for å redusere naturinngrepa så langt det let seg gjere. No vert det fokus på fundamentering, altså avdekking av ulike punkt og boring av fundament. Så håpar me å få nokre master på plass før fellesferien, seier Stian.

Utgjere forskjell i positiv forstand

Han  er tydeleg på at sjølv om det vert mykje jobb framover – så er motivasjonen der den skal vere ved starten av eit slikt prosjekt.  

- Det er klart det er kjekt å delta i slike prosjekt som trass alt har ei så stor samfunnsnytte med tanke på klimaomstilling og elektrifisering av regionen vår. Det trur eg mange i Sygnir kjenner på, at ein er med å bidreg til å utgjere ein forskjell i positiv forstand, noko som naturlegvis er med på å gje ekstra motivasjon.

Sygnir montørar feios

Mykje arbeid ventar – men Sygnir er klare til innsats!


Forrige
Forrige

Testar drone på linjebefaring

Neste
Neste

Slik reduserer du enkelt straumforbruket