Testar drone på linjebefaring

To menn som held i drone

Driftsingeniør i Sygnir Per Olav Opheimshaug (T.v) lærer i sommar nyttig dronekunnskap frå Kenneth Kleppe ved UAS VOSS. Drone er i mange tilfelle eit effektivt verktøy, som gjer at ein raskare kan oppdaga og reparera skade i straumnettet.

- Fordelane med dette er mange, seier Kenneth Kleppe ved UAS VOSS.

Han er denne sommaren leigd inn på prøveprosjekt for å testa ut dronebefaring for ein del av Sygnir sine nettlinjer, tilsvarande 150 km.

Med denne type synfaring trur han selskap som Sygnir kan få nyta mange ressursmessige fordelar.

Moderne og tidsbesparande

Kvart år har Sygnir plikt til å gjera linjebefaring på linjenettet, for å avdekka moglege feil. Av eit nett på 2300 km totalt er totalt kring 560 km i lufta, og mykje av denne er i skog og over fjell – i Noregs brattaste og eit av dei mest utfordrande terreng å driva nett på.

Dette er jo eit arbeid som tek mykje tid, og enkelte plassar der ein til dømes er nøydd til å bruka helikopter som ein del av arbeidet er det ikkje alltid ein får så detaljert data som ein skulle ha ønskt, seier Driftsingeniør i Sygnir Per Olav Opheimshaug.

To menn som flyr drone

Kleppe syner fram klare og gode detaljar. Denne type befaring er med å gje betre oversikt for linjene, slik at ein kan oppdaga feil på straumnettet meir effektiv og respondera raskare.

- Med ein typisk linjebefaring ser ein gjerne etter ting som hakkespetthol, dårlege traversar, kvalitet på stolpar, fasane på linjenettet og ein sjekkar gjerne termografi – altså varmgang.

Med drone så får ein mykje meir detaljerte dokumentasjon, noko som gjer det enklare å planlegga dersom ein skal ut og gjera ein feilretting. Ein får systematisert feila på ein heilt anna måte, og med det vil ein også spara mykje tid ved til dømes ein feilretting-situasjon.

Brukar mindre ressursar

- Ein drone kan bevega seg og dokumentera linjer for mellom 20 og 40 kilometer til dagen. Med dette arbeidet sparar ein ressursar på fleire område, påpeiker Kleppe.

Det går langt raskare å samla inn høgkvalitetsdata, og ein slepp kanskje betre til på stader det er vanskeleg å komma til. Dessutan er det jo eit berekraftsperspektiv på dette også der ein brukar mindre ressursar enn ein kanskje hadde gjort med helikopter, og at det slik sett også er meir miljøvenleg. Slik eg ser det er det eit vinn-vinn perspektiv.

Drone i lufta over straumlinje

Drona flyr høgt og lågt, og kan enklare sleppa til på plassar som er utfordrande - til dømes i bratte terreng - noko Sygnir har ein del av. 

Dette er naturlegvis også noko som Per Olav er oppteken av.

 - Dersom ein klarar å kombinera effektivitet og utvikling med auka skånsomheit så er det absolutt ein god ting. Dette er som sagt eit prøveprogram, og så er me spente på å sjå kva som kjem ut av dette, avsluttar han.


Forrige
Forrige

Få med deg nyhendebrev

Neste
Neste

Godt i gang med linjebygging i Feios