Nettet i Lærdal - rusta for framtida

Jomar Leirdal og Olav Ødegård ved Lærdal Trafostasjon.

Etter over fire års arbeid er oppgraderingsarbeidet i Lærdal sluttført. Prosjektingeniørane Jomar Leirdal og Olav Ødegård kan fortelja om godt samarbeid på tvers av kommunegrenser i Sygnir sitt første felles storprosjekt.

Kilometer på kilometer med nye og oppgraderte straumlinjer og titusenvis av arbeidstimar har vorte lagt ned i det som er det første store samarbeidsprosjektet i Lærdal for Sygnir.

Frå Erdal til Håbakken og vidare frå Lo til Borgund er det no eit fullt oppgradert distribusjonsnett, rusta for å takle framtidig auke av trafikk og etterspurnad i det grøne skiftet. Totalt har det vorte bygd nett for nesten 150 millionar kroner dei siste åra.

- Gjennom arbeidet dei fire siste åra har me lagt eit godt og viktig grunnlag for elektrifisering av samfunnet og etablering av potensielt nye og grøne industriarbeidsplassar i Lærdalsområdet, seier prosjektingeniør i Sygnir, Olav Ødegård.

Eit naturleg oppgraderingsbehov

Han fortel at bakgrunnen for prosjektet var at det kom konsesjonssøknad på fem ( seinare seks ) nye kraftverk i Lærdalsområdet, ved Mork, Ofta, Fosseteigen og Tynjadalen og Øvre Kvemma ( Gravdalen )  Dette utløyste behov for tilkopling og samtidig ei oppgradering av distribusjons- og regional nettet i Lærdalsområdet.

Ser utover Erdal.

Arbeidet med oppgraderinga i Lærdal starta her, like ved Mork Kraftverk i Erdal.

- Mykje av behovet for oppgraderinga kom også som eit resultat av bestillingar frå kommunen og tilrettelegging av nye ladestasjonar og næringsområdet ved Håbakken. Deler av nettet var for svakt for å takla framtidige utfordringar i det grøne skiftet.

Oppgraderinga har resultert i kring 4 km med ny høgspentlinje på distribusjonsnettet og 10,5 km på regionalnettet, kring 15 km med kabelgrøft er lagt i bakken og 20 nye nettstasjonar har vorte oppgradert. I tillegg har Lærdal og Borgund trafostasjon fått seg eit solid ansiktsløft.

- Me har oppgradert heile distribusjonsnettet frå Erdal opp mot Borgund og Øvre Kvemma, pluss at me har måtte inn i nye dalar i samband med dei nye kraftverka som har komme.

Ny og tilrettelagd kapasitet

På Håbakken står ei rekkje nye ladarar for privatbilar klare. Her har ein etablert nettstasjon og kopla på dei eksisterande kablane som vart lagt i samband med kraftverk, på eit nytt nett som er rusta for å takla trafikken. Prosjektleiar Jomar Leirdal forventar stor pågang kring denne type jobbar i åra som kjem, og er glad for at grunnlaget har vorte lagt.

- Dersom me ikkje hadde hatt kraftverka og allereie lagt kablane, så måtte me ha bygd mykje nett for å få dette til. No kan me enklare kopla oss på eksisterande kablar, etablera nettstasjonar og legge til rette for nye ladestasjonar.

Jomar Leirdal på håbakken

Bestillingane på Håbakken gjeld førebels for privatbilar. Men Jomar Leirdal påpeiker at det viktige knutepunktet i Lærdal no er rusta for å imøtekomme etablering for både tungtransport og potensielt anna fornybar-basert industri.

- Det er mange bestillingar inne og nye bestillingar vil komme for å få etablert nye ladestasjonar, mellom anna for tungtransport. Med kablane frå kraftverka er det no kraft og kapasitet til å imøtekoma etterspurnad både innan transport og grøn industri i området i åra som kjem.

For framtida

På ei slette i Borgund står montør Stian Ørbech Mo og strekkjer ut siste rest av den nye linja som er kopla til kraftverket ved Øvre Kvemma. Han har sjølv, saman med erfarne og dyktige montørar, lagt ned mange timar med arbeid som del av prosjektet dei siste åra.

Stian Ørbech Mo kan stolt smile over vel overstått arbeid. Han er ein av mange dyktige montørar i Sygnir som har lagt ned ein solid dose med timar i samband med opprustinga av nettet i Lærdal dei siste åra.

- Det har vorte lagt ned mykje arbeid med tidvis lange dagar, men eg tykkjer me har komme fint gjennom det. Det er godt å vere ferdig, og ikkje minst godt å vite at me har bygd og lagt til rette eit linjenett som er rusta for framtida.

Sjå video frå arbeidet:


Forrige
Forrige

Legg til rette for det grøne skiftet – med naturomgjevnader i verdsklasse

Neste
Neste

Andrea er Sygnir sin første administrasjonssjef: - Spanande