Ta kontakt før du startar arbeidet

 

Kabelpåvising før graving er viktig for å unngå skader på liv og helse. I tillegg kan det førebygga straumavbrot.

Byggje og grave

Når ein skal starta eit prosjekt, enten det er bygging, graving eller riving, er det mykje ein må ta omsyn til og tenkje på. Me vil hjelpe deg med informasjon rundt dette.

  • Treng du straumuttak til maskiner, lys og varme i byggjeperioden, kan du få tilkopla midlertidig byggjestraum iform av eit byggjeskåp. Kostnad i samband med etablering av byggjestraumen, vert dekka av bestillar eller utbyggjar. For å bestilla byggjestraum du fylle ut skjema lenger nede på sida

    Hugs også å inngå avtale med ein straumleverandør.

    Ein må pårekna at det er behandlingstid på slike saker, så ein bør vera ute i god tid.

    For å avbestilla byggjestraumen kan du sende ein epost til kunde@sygnir.no og skrive “Avbestilling byggjeskåp” i emne-feltet og eventuelt referansenr/skåpnr for byggjestraumen i overskrifta.

    Pris for byggjestraum

    Fastledd kr/år 3 644,-

    Leige av byggjeskåp per månad kr 500,- frå og med første leigemånad til og med 24. leigemånad

    Leige av byggjeskåp per månad kr 900,- frå og med 25. leigemånad

    Energiledd 51,49 øre/kWh

    Til og frå kopling kr 5600,- (næraste tilkoplingspunkt)

    Alle prisar er inkludert avgifter, forbruksavgift, 1 øre/kWh i avgift til energifondet og 25% meirverdiavgift (med atterhald om endringar). Fakturering 12 gonger i året.

  • For å kunne utføra gravearbeid på eigedomen sin må ein syte for å ha ei gyldig gravemelding. Gravemeldinga vil innehalde kart over våre installasjonar og opplysningar om kva anlegg som kan bli påverka av gravinga.

    Dersom ein er uheldig og får brot på straumkablar, kan dette få store følgjer alt etter skadeomfang, og kor store deler av samfunnet som vert skadelidande. Ein kan bli gjort erstatningsansvarleg for dei totale kostnadane som følgje av straumbrotet. Erstatningsbeløpa kan bli store ved alvorlege hendingar.

  • Arbeid ved kraftlinjer og kablar kan medføre fare for liv, helse, materiell og eigedom. Dette gjeld også ved arbeid med anleggsmaskiner eller anna utstyr. Det er difor viktig at du undersøker forholda nøye før du startar arbeidet og at du varslar nettselskapet nokre dagar før. Me vil vurdera arbeidet og faregraden og gje rettleiing om farer og nødvendige sikringstiltak.

    Kontakt Sygnir AS om du skal arbeida nærare enn 30 meter frå linja

    Arbeider du med anleggsmaskiner, skogsmaskiner eller anna reiskap som krev stor fri høgde, må du undersøke om det finst høgspenningslinjer i nærleiken av arbeidsstaden. Dersom du skal arbeida nærmare enn 30 meter frå linja, må du på førehand kontakta Sygnir AS. Skadar på anlegg som Sygnir AS eig, kan føre til erstatningsansvar. Sjå om erstatningsansvar her.

    Felling av tre

    Felling av tre i nærleiken av høgspenningslinje må ikkje føre til at farlege situasjonar oppstår. Kontakt Sygnir AS når du skal felle tre i nærleiken av linjene våre. Vi gjev råd og hjelper til om nødvendig.

    Skulle eit tre falle på høgspenningslinja må du ikkje forsøk å fjerne treet. Gå vekk frå treet.

    Hugs at straumen automatisk vil bli kopla inn at etter ei eventuell utkopling.

    Varsle Sygnir AS så raskt som mogeleg (feilmelding 57 69 86 02). Dersom det er fare for liv og helse, bruk naudnummeret 113 (lege) og 112 (politi) Set ut vakt til linja blir kopla ut slik at ikkje andre kjem i kontakt med treet eller leidningen dersom denne har falle ned.

  • Kabelpåvising før graving er viktig for å unngå skader på liv og helse. I tillegg kan det førebygge straumavbrot.

    Leveringstid innan 5 arbeidsdagar frå bestillingstidspunkt. Utføring innan utløpet av påfylgjande arbeidsdag mot hastetillegg.

    Påvising av Sygnir AS sine kablar er gratis. Private kablar vert påvist mot betaling.

    Bruk link til søknadskjema

Skjema byggjestraum