Skal du melde feil på nettet ?

Sygnir har beredskapsvakt 24 timar i døgnet

Ser du noko som kan vera til fare for straumnettet, ynskjer me å få tilbakemelding om dette så raskt som mogleg.

For å melde om feil og manglar, gjerne med bilete, trykk på lenka for å komme til skjema:

Melding om farlege forhold og feil

Ved større feil kan ein oppleva å ikkje komme i kontakt med vakta, men ein kan då legge att melding på svartenesta.

Vakttelefon 57698602

Farlege forhold kan til dømes vera

  • Straumskåp som står ope

  • Trefall over straumledning

  • Tre som skaper spenn i straumleidning

  • Straumleidning som ligg i bakken eller nær bakken

Det er svært viktig at du held god avstand til leidningar som heng lågt, eller ligg på bakken.

Ledningen kan være straumførande, og gi alvorlege skader dersom du kjem for nær eller i kontakt med den.

  • Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du sjølv lokalisera feilen ved å gå gjennom punkta under:

    • Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).

    • Slå inn igjen jordfeilbrytaren.

    • Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen. Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.

    • Slå av/skru ut den kursen som det er feil på. Kopla jordfeilbrytaren inn att.

    • Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen og skru inn/slå på sikringen/automaten igjen.

    • Slå på eit og eit apparat igjen til feilen oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feilen. La dette apparatet vera fråkopla.

    For utbetring av feil ta kontakt med godkjent installatør. Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon får straumstøyt, må du kontakta godkjent elinstallatør omgåande for å finna denne feilen. Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det ville også vera ein god tryggleik om du får installatrøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.

    Ved jordfeil send epost til: dle@sygnir.no

  • Har du opplevd flimring i lysa, at elektriske apparat ikkje fungera, eller at du ikkje får lada elbilen din? Då kan det skuldast dårleg leveringskvalitet.

    Kva er leveringskvalitet?

    Leveringskvalitet er eit samlebregrep som omfattar kor påliteleg straumforsyninga er, korleis kvaliteten på spenninga er, samt ulike ikkje-tekniske element, som for eksempel kundeservice og informasjon.

    NVE, Norges vassdrag og energidirektorat forvaltar ei forskrift som regulera krava til leveringskvalitet, samt ei eiga temaside om leveringskvalitet. Desse finn du her:

    Forskrift om leveringskvalitet

    NVE temaside om leveringskvalitet

    Sygnir jobbar kontinuerleg for å optimal leveringskvalitet i straumnettet vårt, slik at du som kunde ikkje skal oppleva problem med straumforsyninga.

    Korleis kan du merka om du har dårleg leveringskvalitet?

    Problem med leveringskvaliteten kan merkast på mange måtar. Dersom du opplever ein av føljande symptom, kan det vera eit teikn på problem med leveringskvaliteten.

    • Lyset blinkar eller variera i styrke

    • Elektrisk utstyr fungera ikkje slik det skal

    • Elektrisk utstyr vert øydelagt

    • Du er utan straum i ein lengre periode

    Dersom du er utan straum i ein lengre periode kan du ha rett på kompensasjon for langvarige avbrot.

    Kva gjer du dersom du opplever større variasjonar i spenninga?

    Dersom du opplever problem med leveringskvaliteten, ber me om at du tek kontakt med Sygnir, på epost: kunde@sygnir.no.

    Me vil føreta målingar og berekningar som vil avdekke årsakene til problema, og kvar feilen ligg.

    Dersom feilen er forårsaka av straumnettet i huset ditt, eller elektriske apparat du har kopla til, så må du ta kontakt med installatør for å få utbetra problema. Installatøren vil kunne lokalisera feilen i anlegget ditt og utbetra denne.

  • Frå 01.01.2021 blei det endring i regelverket for utbetaling av kompensasjon.

    Hushaldingar og fritidsbolig har krav på kompensasjon ved straumbrot som varar over 12 timar. Varigheita skal reknast frå det tidspunktet nettselskapet først fekk melding om avbrotet, eller når nettselskapet visste eller burde visst om avbrotet.

    Statsane for kompensasjon per målepunkt er:

    • Hushaldingar: 500 kroner ved avbrot på 12 timar, og deretter ein sats på 40 kroner per time.

    • Fritidsbolig: 125 kroner ved avbrot på 12 timar og deretter ein sats på 10 kroner per time

    Samla årleg kompensasjon kan ikkje overstiga forventa innbetalt nettleige for inneverande år.

    For meir informasjon sjå NVE-RME

  • Det er kommunen som har ansvar for gatelys eller veglys på kommunale vegar.

    Ved feil på gatelys langs riks- og fylkesvegar kontakt vegtrafikksentralen på telefonnummer 175 for informasjon om kven som har ansvar for feilretting