Straumbrot og utkoplingar

Det kan vere mange årsaker til at du er utan straum. Opplever du straumbrot som ikkje skuldast feil på ditt eige el-anlegg, ta kontakt med vår feilmeldingstelefon.

Feilmeldingstelefon

57 69 86 02

Sygnir har ansvar for om lag 2800 kilometer med straumførande linjer som skal transportere straum kvar einaste time, året rundt. Kvar dag året rundt gjer me i Sygnir vårt beste for at du skal få så trygg og god straumforsyning som mogleg.

Av og til må me kopla vekk straumen på ei linje nær deg for å drive vedlikehaldsarbeid. Slike utkoplingar vert varsla og dei kan du finne på denne sida. Andre gonger er det feil som følgje av uvêr eller andre hendingar som fører til straumbrot. I slike tilfelle gjer me vårt beste for at straumutkoplinga skal verta så kortvarig som mogleg.