Alt om nettleige

Tidlegare var det berre tal kilowattimar som påverka nettleiga di. No får du større mogelegheit til å påverka rekninga sjølv. Frå og med 2022 vart nettleiga delt i to delar, energiledd og kapasitetsledd.

Dersom du jamnar ut straumforbruket ditt gjennom døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum på éin gong i ein time. Eit lågare strømforbruk vil påverka energileddet i nettleiga.

Energiledd

Kor mykje straum du brukar

+

Kapasitetsledd

Snitt av dei tre timane i månaden med høgste straumforbruk

Nettleige

=

Spørsmål og svar om nettleige

  • Du betalar nettleige til det lokale nettselskapet ditt. Nettleiga gir nettselskapet inntekter til dekning av nettkostnader, utnytting og utvikling av nettet. Nettleiga varierer frå nettselskap til nettselskap. RME kontrollerar kvart år at inntekta nettselskapet hentar inn gjennom nettleiga ikkje er høgare enn det nettselskapet har lov til.

    Nettleiga har to delar, kapasitetsledd og energiledd.

    Kapasitetsleddet er eit beløp per månad etter kor mykje straum du brukar samstundes. Kapasitetsleddet vert berekna utifrå snittet av dei tre timane du brukar mest straum i månaden.

    Dersom du jamnar ut straumforbruket får du lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum på ein gong.

    Energileddet blir bestemt utfrå kor mykje straum du brukar totalt (antal kilowatttimar).

  • I 2022 endra Sygnir nettleigemodellen i tråd med lovpålagde krav frå nasjonale myndigheiter. Den nye modellen legg til rette for ein smartare og jamnare bruk av nettet, slik at ein reduserer behovet for kostbare utbyggingar fram i tid.

    Kapasitetsleddet vert rekna utifrå snittet av dei tre timane du brukar mest straum i månaden. Dersom du jamnar ut straumforbruket ditt gjennom døgnet, får du eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje straum på ein gong.

    Frå 01.03.2023 reduserar Sygnir nettleigeprisane med 15 prosent for kapasitetstariffane privat og næring. Det blir innført nye nettleigeprisar frå 2024

    Nettleigeprisar frå 1. januar 2024

    Nettleigeprisar frå 1. mars 2023

    Nettleigeprisar frå 1. juli 2022 - 1. mars 2023

  • Som plusskunde betalar du ikkje nettleige for den krafta du produserer og brukar sjølv, men du betalar ordinær nettleige for alt forbruk utover dette. Les meir om plusskunde her

  • I forslag til statsbudsjett for 2024 vil regjeringa at straumstøtteordninga for hushaldning blir forlenga til å gjelde ut 2024. Samstundes vil terskelverdien for straumstøtte auka frå 70 til 73 øre/kWh.

    Frå september 2023 vil straumstøtte bli rekna ut frå straumprisen time for time. Tidlegare har ein rekna utifrå gjennomsnittsprisen i løpet av ein månad. Straumstøtta er fortsatt 90% av prisen over 87,5 øre/kWh (inkl mva) Du vil altså få støtte i dei timane spotprisen i ditt prisområde er høgare enn 87,5 øre/kWh (inkl mva).

    Regjeringa sin straumstøtte skal kompensera for høge straumprisar.

    Støtteordninga blir handtert av nettselskapa. Det betyr at straumstøtta blir trekt frå på nettleigefakturaen. Dei som har felles fakturering for kraft og nettleige vil få trekt frå støtta på straumfakturaen.

    • Straumstøtte blir rekna ut frå straumprisen time for time

    • Staten dekker 90% av prisen over 87,5 øre/kWh (inkl mva)

    • Straumstøtte blir gitt til privatkundar og sameige(burettslag)

    • Støtta blir gitt opp til 5000 kWh pr bueining pr månad

    Les meir på NVE sine sider:

    Straumstøtte for hushaldning

    Straumstøtte for sameige og burettslag

    Støttesats time for time NVE

  • Det er ei rekkje ting du kan gjera for å tilpassa deg ny nettleige. Nokre tips er å lada elbil om natta, programmera nattsenking på varmeomnar og termostatar, og ikkje bruka straumkrevjande apparat samstundes. Bruk aldri vaskemaskin, turketrommel eller andre hushaldningsapparat når du ikkje er til stedes eller søv.

    Du kan lesa meir om smarte energi- og klimatiltak på ENOVA sine sider.

  • Dersom du ikkje har vald ein straumleverandør, har me som nettselskap plikt til å levera straum til deg, til ein pris som er høgare enn du normalt vil kunne få frå ein vanleg straumleverandør.

    Dette vert kalla leveringsplikt, og er kun meint som ei midlertidig ordning inntil du har skaffa deg straumleverandør.

    Frå 0 til 6 veker: Gjennomsnittleg marknadspris (spotpris) + 6,25 øre/kWh inkl. mva i påslag

    Etter 6 veker: Gjennomstnittleg marknadspris (spotpris) + 6,25 øre/kWh inkl. mva i påslag

    Me anbefaler deg at du tek kontakt med ein valfri straumleverandør for å bestille den straumavtale som passar deg best.

    Det fins mange leverandørar, og mange typar avtale.

    På Forbrukerrådet sin strømpris.no kan du finne straumleverandørar i ditt område.

    Du må oppgi flg. opplysningar ved bestilling av straum:

    -Målepunkt ID
    -Fødselsdato eller organisasjonsnr:
    -Namn
    -Målepunktet si adresse

    For meir informasjon om korleis straummarknaden fungerer, sjå NVE sine forbrukarsider.

  • Standardvilkåra gjeld mellom nettselskap og kunde frå det tidspunktet dei er kunngjorde for kundane i samsvar med gjeldande reglar (sjå pkt. 17 i nettleigevilkåra og pkt. 9 i tilknytingsvilkåra).

    Standardvilkår for nettleige privat

  • Avtalen er tilpassa små og mellomstore kundar og dekkjer dei aller fleste næringskundar.

    Standardvilkåra gjeld mellom nettselskap og kunde frå det tidspunktet dei vert kunngjorde for kundane i samsvar med gjeldande reglar (sjå pkt. 16 i nettleigevilkåra og pkt. 9 i tilknytingsvilkåra).

    Standardvilkår for nettleige næring

  • Søknad om redusert sats og fritak

    Elavgift (forbruksavgift) er ei avgift for elektrisk kraft som nettselskapa krev inn på vegne av staten. Det er avgift på all elektrisk kraft som blir levert til sluttbrukarane i Norge, men det er unnatak. For å få redusert sats eller fritak for avgifta må ein støtte visse kriteria.

    Fra 1. januar 2023 er avgiftssatsen slik:

    • Alminneleg sats, januar - mars 2023: 9,16 øre per kWh

    • Alminneleg sats, april - desember 2023: 15,84 øre per kWh

    • Redusert sats : 0,546 øre per kWh

    Det er redusert avgift på elektrisk kraft som blir levert til:

    • industri- og bergverksproduksjon

    • produksjon av fjernvarme

    • skip i næring

    • produksjon eller omforming av energiprodukt

    Det er fritak frå avgift på elektrisk kraft som blir levert til:

    • visse kraftintensive prosessar

    • veksthusnæringa

    For meir informasjon sjå skatteetaten.no

    Skjema for fritak eller redusert forbruksavgift

  • Dersom din straumleverandør har oppretta avtale med Sygnir om felles faktura, får du ikkje ein eigen faktura for nettleige frå oss. Straumleverandøren din sender ut faktura med informasjon om straumforbruket og nettleiga di.

    Les meir om felles fakturering (gjennomfakturering) på NVE sine sider.

    Desse har inngått avtale om felles faktura med Sygnir:

    • Aurland Energiverk AS

    • Fjordkraft AS

    • Gudbrandsdal Energi AS

    • Kraftriket AS

    • Volte AS

    • Wattn AS

Andre prisar og gebyr

Byggjestraum

Kostnad i samband med etablering av byggjestraumen, vert dekka av bestillar eller utbyggjar. For å bestille byggjestraum du fylle ut skjema som du finn på sygnir.no/byggje-grave

Alle prisar er eks avgifter,forbruksavgift, 1 øre/kWh i avgift til energifondet og 25% meirverdiavgift (med atterhald om endringar). Fakturering 12 gonger i året.

  • Fastledd kr/år 3 265,-

  • Leige av byggjeskåp per månad kr 448,- frå og med første leigemånad til og med 24. leigemånad

  • Leige av byggjskåp per månad kr 806,- frå og med 25. leigemånad

  • Energiledd 19,04 øre/kWh

  • Til og frå kopling kr 5663,- (næraste tilkoplingspunkt)


Stenging av straum

Nettselskap har høve til å stenga straumen din i einskilde tilfeller. Kunden har i forkant krav på skrifteleg varsel til faktura adressa, samt å bli varsla personleg.

Stenging må utsetjast dersom det er fare for liv og helse eller til dømes ved sterk kulde. Dersom slike omsyn skal takast må du kontakte netteigar og dokumentere at slike hensyn skal takast. Les meir om dine rettar ved stengevarsel på Forbrukarrådet.

Gebyr ved stenging

  • Kr 3 125 ,- ink mva


Prisar på montasje av målarar og utstyr

Gjeld etablering og montering av nye målarar og ved byte av eksisterande målarar.

Sygnir syter for etablering av målarar på alle anlegg i installasjon når melding om installasjon/ ferdigmelding er motteke frå installatøren.

Alle målarar er typegodkjent og godkjent av Justervesenet. Montering av målarar og målarutstyr må utførast av autorisert installatør/ representant for nettselskapet.

Aktuelle lenkjer:

Prisene under gjeld montasje av målarar, medan sjølve målaren er Sygnir sin eigedom. 

Prisane er ikkje mva pliktig for kunden når det blir fakturert som anleggsbidrag (nyanlegg og forsterking av eksisterande anlegg).

Nettleigemodellen

Den nye nettleigemodellen er bestemt av nasjonale myndigheiter, for at me alle skal bruka straumnettet smartare.

Betre og jamnare forbruk av straumnettet reduserer behovet for kostbare nettutbyggingar, og sparar dermed alle nettkundar for pengar.

Halve nettleiga er offentlege avgifter og fordelinga av nettleiga er om lag slik.