Smart straummålar

Kva er HAN port

HAN står for «Home Area Network» og er en eigen fysisk utgang på AMS-måleren – den automatiske straummåleren i sikringsskåpet.

Her kan du kopla til kommunikasjonsløysingar eller smarthus-løysingar som hjelper deg å overvåke, analysera og styra energiforbruket ditt. Porten er i utgangspunktet stengt av, og du må sjølv gi nettselskapet beskjed om du ynskjer å opne den. Å åpne HAN-porten kostar ingenting, men du må kopla på ekstrautstyr for å kunne henta ut forbruksdata.

Datatilsynet definerer data frå denne som personopplysingar, sidan data kanskje kan brukast til å fastslå om "ein person søv, er våken, er på ferie eller liknande". Dersom du ynskjer få åpna HAN port må du skriva under på ein samtykkeerklæring og senda til nettselskapet.

Meir informasjon om HAN-port og om tenesteleverandørar til HAN-porten finn du på Norsk Elektronisk Komite (NEK)

Kven tilbyr system som nyttar informasjonsflyten ut av HAN-porten?

Det finst ein rekke tilbydarar av løysingar som presenterer informasjon henta via HAN-porten, gjennom ulike applikasjonar som er tilgjengelege via telefon, nettbrett og/eller PC/Mac. Fleire vil komme til etterkvart som marknaden for slike tenester utviklar seg, og du finn ei liste over leverandørar på Norsk Elektroteknisk Komite (NEK) si nettside.

Korleis kan eg stenge av informasjonsflyten frå HAN-porten etter eg har opna den?

For å stenge av informasjonsflyten tek du kontakt med oss via e-post eller telefon, på same måte som ved opning av porten. Hugs å gje opp målarnummeret på den målaren du ynskjer at me skal stenge informasjonsflyten frå. Du vil då få ei stadfesting per e-post når HAN-porten er stengt.

Samtykkeerklæring- opning av HAN port

Dersom du ynskjer at nettselskapet opnar for informasjonsflyt ut av HAN-porten, send e-post til nettselskapet frå din e-postadresse som er registrert hjå nettselskapet som følgjer:

  • Merk emne-feltet med «Samtykkeerklæring – Opning av informasjonsflyt ut av HAN-porten»

  • Klipp følgande tekst inn i tekstfeltet, og bytt ut det som står i parentes med relevant informasjon:

“Eg, <nettkundes namn>, stadfestar med denne e-posten at eg er kjent med det tryggleiksmessige aspektet ved at informasjonsflyten ut av HAN-porten sendes ukryptert (ref. informasjonsskriv fra nettselskapet om opning av informasjonsflyten ut av HAN-porten), og bekrefter at HAN-porten er tilstrekkelig fysisk sikra til at nettselskapet kan opne for informasjonsflyten. Eg er også inneforstått med at nettselskapet ikkje tek ansvar for 3. partsutstyr som blir kopla på HAN porten.”

Opninga gjeld for målar med <målepunktID >,
anleggsadresse <adresse der målaren står>

 Vennligst opne for dataflyt så snart som mogleg.

E-post kan sendast: kunde@sygnir.no

Målar for Aurland og Lærdal

1. Skjerm

Her viser målerstanden

2. Energipuls

Hyppigheita på det blinkende lyset vil variere i takt med straumforbruket

3. Skjermknapp

Trykk på knappen for å sjå annan informasjon på skjermen.

4. Brytar og lys

Lyser grønt Straum er på. Alt er normalt.

Blinkar grønt: Straum er av, trykk på brytar for å slå på straum.

Blinkar raudt: Straum er kopla ut. Kontakt Sygnir

5. HAN adapter

Dette er uttak for smartheim-løysingar og eksterne skjermar. Plassering av denne vil variere, blant anna avhengig av plass i sikringsskåpet ditt.

Målar for Sogndal og Vik

1. Skjerm

Viser kor mykje straum som blir brukt akkurat no

2. HAN-uttak

For smarte løysingar og eksterne skjermar

3. Energipuls

Hastigheita på det blinkande raude lyset varierar i takt med straumforbruket

4. Til bruk for montør

M-Bus: Koplingspunkt for måling av td varmt vatn og gass

5. Energipuls reaktiv effekt

“Verdilaus straum” - oppstår når straum og spenning er i utakt (belastar nettet) T.d motorar som brukar mykje straum for å starte opp. (gjeld berre store verksemder)

6. Statusindikator for kommunikasjon (LED)

Blå og grøne blinkande lys viser at målaren sin kommunikasjon fungerar

7. Advarsel

Målaren skal aldri brukast for å stenge straumen ved elektrisk arbeid

8. Skjermknapp

Brytar for å stenge straumen og informasjon

9. Til bruk for montør

Forseglingsknapp (M-Bus) Skal opnast av montør dersom aktuelt med måling av andre einingar enn straum

10. Til bruk for montør

IR-port: blir nytta ved t.d byte av programvare

11. Målarnummer

Elbil-lading

Det er mange som no har kjøpt seg elbil og det er mange spørsmål om korleis ein ladar bilen på ein trygg måte.

Du må kontakte elektriker når du skal kjøpe ladbar bil. Det gir trygg lading der du kan unngå jordfeilproblem og brann. Vanleg stikkontakt og skøyteledning er ikkje eigna for lading!

Les meir om trygg elbillading på Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.