Skal du flytte?

Er du på flyttefot ber me deg ta kontakt med din straumleverandør. Dei vil hjelpa deg med det praktiske rundt ditt kundeforhold.

Straumleverandøren vil hjelpa deg med følgjande oppgåver:

  • Bestilla straum til ny bolig

  • Sei opp din noverande straumavtale

  • Melda frå om inn- og utflytting

  • Endra namn, adresse, e-post, tlf. nummer

    Når du kontaktar din straumleverandør må du oppgi målepunktID eller målarnummer.

Dersom det ikkje er registrert kunde på anlegget vil me stenga målaren. Du må då ta kontakt med oss og oppretta avtale. Straummålaren vil då bli opna.