El-tryggleik

DLE (Det Lokale Eltilsyn) ved Sygnir AS er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerheit, og er fagleg underlagt DSB (Direktoratet for Samfunnsikkerheit og Beredskap).

Med heimel i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og utstyr utfører DLE tilsyn i Sygnir sitt konsesjonsområde, som er kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Lærdal, Sogndal og Vik.

DLE sitt arbeid har som mål å redusera skader og ulykker som skuldast elektrisk straum.
DLE sine arbeidsoppgåver:

  • Utføra stikkprøvekontroll av elektriske anlegg og utstyr.

  • Kontrollera at elektroinstallatørar som utfører arbeid på anlegg i området har naudsynt kunnskap og rutiner.

  • Utføra revisjon av Internkontroll-system i verksemder.

  • Informera ulike målgrupper om elsikkerheit.

  • Bistå politiet i samband med etterforsking av brannar.
     

DLE rapporterer til DSB om planlagde tilsynsaktivitetar og resultat av desse.

Om el-tryggleik

  • Huseigar er sjølv ansvarleg for at det elektriske anlegget og det elektriske utstyret i huset til ei kvar tid er i forskriftsmessig stand og at det vert brukt på rette måten. Som nettansvarleg har Sygnir normalt ansvaret for det elektriske anlegget fram til huset, medan alt innom ytterveggane altså er huseigar sitt ansvar.

    Sygnir er pålagt å føre tilsyn med alle el-anlegg innanfor sitt forsyningsområde. DLE (Det lokale eltilsyn) rapporterer resultata av tilsyna sine til DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap).

  • DLE står for Det lokale elektrisitetstilsyn og er underlagt DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

    DLE høyrer til under nettselskapet Sygnir. Som nettselskap er Sygnir pålagt å føre tilsyn med alle elanlegg innanfor vårt forsyningsområde. Det er DSB som bestemmer kva tilsynet frå vårt DLE skal innehalde, og DLE rapporterer resultata av tilsyna til DSB.

    Oppgåver DLE utfører for DSB

    • Kontroll av el-installasjonar og elektrisk utstyr i private bustadar, landbruk, små og større verksemder m.v.

    • Systemrevisjonar av elektroinstallatørar

    • Systemrevisjonar av internkontrollsystem i verksemder som t.d. produksjonsbedrifter, verkstadar, helseinstitusjonar, eksplosjonsfarklege område m.v.

    • Marknadskontrollar

    • Informasjon om el-tryggleik til ulike kundegrupper

    • Revisjon og vertifikasjon av internkontroll som omhandlar elektriske installasjonar og elektrisk utstyr

    • Deltek i brannetterforsking

  • Formelt er DLE sitt arbeid forankra i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elekstrisk utstyr.


    Forskrifter

    • Forskrift om elektrisk lågspenningsanlegg

    • Forskrift om elektrisk utstyr

    • Forskrift om utstyr og sikkerheitssystem til bruk i eksplosjonsfarleg område

    • Forskrift om registrering av verksemder som prosjekterer, utfører og vedlikeheld elektriske anlegg

    • Forskrift om kvalifikasjonar for elektrofagfolk

    • Forskrift om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg

    • Forskrift om bruk og vedlikehald av elektromedisinsk utstyr

    • Forskrift om elektrisk forsyningsanlegg

    • Forskrift om helse og sikkerheit i eksplosjonsfarlege atmosfærar

    • For alle verksemder gjeld i tillegg: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta)

  • Du er sjølv ansvarleg for eltryggleiken i ditt eige hus.

    Dette kan du kontrollera sjølv

    • Inntakssikringane er som oftast monert der jordkabel eller luftlinje kjem inn i bygningen

    • Inntakssikringane skal ikkje vera unormalt varme

    • Spenningsførande deler ved inntak skal vere skjerma mot tilfeldig berøring

    • Sikringar i sikringsskåpet skal ikkje vera unormalt varme

    • Dersom sikringen ofte koplar ut, tyder dette på at det er for stor belastning på denne kursen

    • Kontroller at skrusikringar er godt tilskrudde

    • Det skal ikkje oppbevarast brennbart materiale eller uvedkomande ting i sikringsskåpet

    • Spenningsførande delar i sikringsskåpet skal vere skjerma mot tilfeldig berøring

    • Kontroller at varmeomnar ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar

    • Kontroller at veggomnar er godt festa

    • Kontroller at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom

    • Kontroller at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret

    • Kontroller at sengelampar og varmeomnar på barnerom er skikkeleg festa til veggen

    • Kontroller at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk

    • Kontroller at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar er teke ut etter bruk

    • Kontroller at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk

    • Sjå etter at det ikkje er synlege feil og manglar på installasjonar og utstyr

    • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn

    • Unngå utstrakt bruk av skøyteleidning

    • Elektrisk utstyr som vert brukt utandørs skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt

    • Utan forvarsel kan ulykker ramma deg og dine næraste. Montering av jordfeilbrytar og overspenningsvern er ei god forsikring for å sikra bustaden mot brann og berøringsfare. Jordfeilbrytaren og overspenningsvernet vert montert i sikringsskåpet. Den koplar ut straumen om det oppstår jordfeil

    • Dersom det vært avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.

    • Du kan kontakta oss for avtale om kontroll. Som oftast vil vi kunne vere på staden i løpet av kort tid.

  • Alle verksemder er pålagt å ha eige internkontrollsystem som mellom anna omfattar dei elektriske installasjonane og det elektriske utstyret.

    Internkontrollsystemet skal skriftleg dokumentera følgjande

    • Kva mål verksemda har for helse, miljø og tryggleik

    • Korleis verksemda er organisert, korleis ansvar og oppgåver innafor HMS er fordelt

    • Kartlegging og vurdering av risiko (brev, rapportar, måleresultat og liknande)

    • Kva som skal gjerast, kor tid/ofte og av kven (handlingsplan)

    • Rutinar for handtering av feil og manglar

    • Korleis HMS-rutinane vert evaluerte for å sikra at de fungerer etter føremåletInternkontrollsystemet skal tilpassast verksemda sin storleik og verkeområde.

    • Internkontrollforskrifta finn du her: «Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter».

  • DLE gjennomfører kvart år kontrollar av elektriske anlegg i bustadar, hytter, driftsbygningar, mm. Det er ein stor fordel at eigar/brukar deltek under kontrollen. Dette for å kunne gje informasjon om eltryggleik, likeins kunne gje forklaring på kva som er faren med dei avvik som eventuelt vert påpeikt.

    Vår inspektør vil følgje leidningsnettet frå inntaket, gjennom sikringsskåpet og vidare frå sikringskursane og fram til tilkopla apparat og utstyr. Dømet under skildrar ein kontroll av ein bustad.

    Inntaksboksen:

    • Rette sikringar, ev. varmgang

    • Spenningsførande delar skal vera skjerma mot berøring (at sikringane kan handterast utan fare for straumgjennomgang.)

    Sikringsskåpet:

    • Måling av isolasjonsmotstand (jordfeil)

    • Test av jordfeilbrytarar/automatar.

    • Måling av feilstraumar.

    • Korrekt merking og rett storleik på sikringar

    • Spenningsførande delar skal vera skjerma mot berøring (at sikringane kan betenast utan fare for straumgjennomgang.)

    • Kontroll av jording (hovudjord og utjamningssamband)Evt. varmgang, eks. lause tilkoplingsklemmer.

    • At det ikkje er oppbevart brennbart/uvedkomande materiale i sikringsskåpet/tavlerommet.

    Den faste installasjonen:

    • Kontinuitetstesting av jording (at jordforbindelsane er i orden)

    • Det skal ikkje vera blanda jorda og ujorda installasjonar

    • .Alle kablar og leidningar skal vera godt festa

    • Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har skadar.

    • Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har varmgang (t.d. i brytarar, koplingsboksar, stikkontaktar osv. (visuell kontroll).

    Tilkopla utstyr:

    • Kokeplater på komfyren skal alltid vera slått av etter bruk.

    • Varmeomnar skal ikkje vera dekka til.

    • Utstyr som trekkjer mykje straum skal ikkje vera tilkopla via skøyteleidning.

    • Varmeomnar og sengelampar på barnerom skal vera festa til vegg.

  • Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du sjølv lokalisera feilen ved å gå gjennom punkta under:

    • Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).

    • Slå inn igjen jordfeilbrytaren.

    • Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen. Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.

    • Slå av/skru ut den kursen som det er feil på. Kopla jordfeilbrytaren inn att.

    • Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen og skru inn/slå på sikringen/automaten igjen.

    • Slå på eit og eit apparat igjen til feilen oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feilen. La dette apparatet vera fråkopla.

    For utbetring av feil ta kontakt med godkjent installatør. Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon får straumstøyt, må du kontakta godkjent elinstallatør omgåande for å finna denne feilen. Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det ville også vera ein god tryggleik om du får installatrøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.

    Kontakt oss ved jordfeil

  • Det er mange grunnar til at folk kan vere bekymra for eltryggleiken. Du er kanskje usikker på om elanlegget er i orden eller om det elektriske utstyret ikkje verkar som det skal. Dette kan du gjere noko med!

    Eigar og brukar av elanlegg og utstyr er sjølv ansvarlege for at alt er i orden og brukast på ein forsvarleg måte. Dette vil også seie eit ansvar for å ta faresignal på alvor og syte for nødvendige tiltak slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar.

    Om du kjenner til tilhøve knytte til elektrisitet som kan føre til fare for deg eller andre, kan du dele bekymringa di med Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE). Før du sender inn ei eventuell bekymring til DLE, bør du likevel først vurdere om tilhøvet kan løysast på andre måtar.

    Er du bekymra for ditt eige elanlegg

    Om du har mistanke om at det er feil i elanlegget ditt, pliktar du som eigar å kontakte ei registrert installasjonsverksemd for å få avklart dette og utbetra eventuelle feil. Leigetakarar har også eit ansvar for at elanlegget dei brukar er i orden. Om du som leigetakar oppdagar feil på elanlegget, må du snarast melde frå til eigar om dette. Kven som skal syte for vedlikehald og utbetring av feil bør kome fram av leigekontrakten.

    Er du bekymra for ulovlege installasjonsarbeidarar?

    DLE har som prioritert oppgåve å følgje opp verksemder og personar som ulovleg utfører installasjonsarbeid. Om du har kjennskap til slike aktivitetar, kan du sende inn ei bekymringsmelding til oss, gjerne på e-post

 

Dette har du lov til å gjera sjølv

Nye anlegg

Utbetringar, nye anlegg etc er det godkjent installatør som skal utføra.

Varmeomnar

Montera og skifta varmeomnar dersom dei har leidning med støpsel.

Skøyteleidning

Kopla til, eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 A, med og utan jording.

Kontaktar

Kopla til, eller skifta topolte skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar.

Små lamper

Kopla til lampettar, bordlamper etc. med bevegelig leidning og montere leidningsbrytararar.

Taklamper

Kopla til og skifta lampar som heng i tak-krok eller liknande og er tilkopla med støpsel/stikkontakt.

Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje vert fysisk belasta.

Dette gjeld ikkje i dei tilfelle lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen, dvs. lampen er festa til underlag med skruer.