Er du plusskunde?

Kva er ein plusskunde?

Ein plusskunde er ein straumkunde som både kjøper og produserer elektrisk kraft gjennom eit felles målepunkt.

Dei aller fleste plusskundar nyttar solcelleanlegg, men ein kan også vera plusskunde via vatn- eller vindkraft. Føresetnaden for å vera plusskunde er at anlegget ikkje på noko tidspunkt leverer meir enn 100 kW gjennom målepunktet, ut på straumnettet.

Korleis bli plusskunde

Dersom du ynskjer å bli plusskunde, tek du kontakt med leverandør av produksjonsanlegg og/eller godkjend elektroinstallatør for bistand til løysing og anbefalingar. Du kan også ta kontakt med Sygnir sitt kundesenter for info.

Det er du som eigar, saman med godkjend installatør som står ansvarleg for at anlegget er installert i samsvar med gjeldande tekniske krav.

I enkelte tilfelle må det utførast endringar i straumnettet til Sygnir for å oppretthalda spenningskvaliteten i lokalt nett. Ved auke i inntaksstorleik må kunden dekka eventuell forsterkinga av straumnettet via eit anleggsbidrag.

Nettleige

Som plusskunde betalar du ikkje nettleige for den krafta du produserer og brukar sjølv, men du betalar ordinær nettleige for alt forbruk utover dette.

Sal av overskotskraft

Plusskunden må sjølv syta for å teikna avtale med ein straumleverandør som både sel og kan kjøpa overskotskrafta. Prisar og løysingar varierer mellom straumselskapa.