Andrea er Sygnir sin første administrasjonssjef: - Spanande

Portrettbilete av Andrea Lomheim

Andrea Lomheim (35) tok ved årsskiftet til i rolla som administrasjonssjef i Sygnir.

- Det er spanande å få vera ein del av ei framtidsretta bedrift som spelar ei så stor rolle for lokalsamfunnet. Eg heiar jo på Sogn, og om me skal utvikla regionen inn i det grøne skiftet så lyt me aktivt legga til rette for det også, seier Andrea Lomheim.

Ved starten av 2024 tok ho til i stillinga som Administrasjonssjef i Sygnir, i det som er ei nyoppretta stilling.

- Det er veldig godt å vera i gang. Eg føler eg har vorten tatt godt i mot, seier hafslobygdingen som for tida er busett i Sogndal.

Breitt spekter av oppgåver

Andrea kjem til Sygnir etter åtte år i Avery Dennison NTP, der ho frå basen i Gaupne mellom anna har leiarerfaring gjennom rolla som økonomisjef. I tillegg har ho dei siste to åra vore prosjektleiar for regionale prosjekt i konsernet med fokus på ERP-system og prosess- og organisasjonsendringar. Andrea har også tidlegare jobba som revisor hjå Deloitte og har ein mastergrad innan finans frå NHH.  

- Frå tida mi som økonomisjef hjå NTP har eg fått erfaring med å bygge opp og argumentera fram investerings-caser saman med dei som sit med den faglege og tekniske kunnskapen. Denne erfaringa kan eg dra med meg inn i Sygnir, der eg skal bistå dei flinke prosjektingeniørane i framtidige investeringsanalysar. 
 
I den nyoppretta stillinga vil det vera eit breitt spekter av ulike oppgåver, mellom anna knytt mot leiande administrativt arbeid, effektiv samhandling og kommunikasjon, kulturbygging, økonomistyring og strategisk arbeid på overordna nivå.  

- Mykje jobbing vil i starten vera i tospann med konserndirektør nett, Bjørn Carlsen. Rolla blir nok meir definert etter kvart, men det blir nok utvilsamt ein variert og spanande arbeidskvardag, seier 35-åringen.  

- Vil tilføra mykje bra

Nemnte Bjørn er svært nøgd med å ha med seg Andrea på laget.  

- Andrea har trass ein framleis relativt ung alder opparbeida seg ein solid CV, med mykje god erfaring frå det som er ein hjørnesteinsbedrift i Gaupne. Eg kjenner meg trygg på at ho vil tilføra mykje bra til oss i Sygnir som administrasjonssjef, seier han.


Neste
Neste

Justering i nettleiga