Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring

Plakat, røykvarslerdagen.

Fredag 1. desember er det røykvarslerdagen.

Alle kan bli betre til å tenkja branntryggleik, og tidleg varsling av brann redder liv. Difor er det viktig at alle røykvarslarar vert testa og sjekka. Berre i Sogn har det dei siste fem åra vore om lag 115 brannar og branntilløp knytt til bygningar. Ein tredjedel av desse har skjedd mellom klokka 20.00 og 06.00.

Med ein standard røykvarslar så anbefalast det å bytta batteri minst éin gong i året. Gjer det til en vane å bytte dei på Røykvarslerdagen 1. desember!

Møt opp for gode råd

Røykvarslerdagen er eit fleirårig samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Det lokale eltilsyn, brannvesenet og Gjensidige. I år møter me alle opp for å markere dagen.

Røykvarslerdagen vert i Sogn markert den 30. november på følgjande lokasjonar, klokka 12.00:

-          Amfi Sogningen

-          Pyramiden i Gaupne

-          Saften i Leikanger

-          Vikjatunet i Vik

-          Holmatunet/Joker i Balestrand


Les meir og finn nyttig informasjon for å betre branntryggleiken på Roykvarslerdagen.no og Sikkerhverdag.no  

Me ser fram til å treffa deg!


Forrige
Forrige

Justering i nettleiga  

Neste
Neste

Engasjerte elevar på elektrosamling