Justering i nettleiga  

Nettleiga vert sett opp med 12 % frå og med 1. januar 2024.   

- Me har eit viktig samfunnsoppdrag der me investerer i å sikra effektiv og trygg straumforsyning i det grøne skiftet. Kostnadsauken ein ser i bransjen gjer at me må endra på nettleiga for å halda oss innanfor regelverket som er gjeven av myndigheitene, seier konserndirektør nett i Sygnir, Bjørn Carlsen.    

Mange faktorar

Nettselskap over heile landet har varsla at dei er nøydd å setje opp nettleiga inn mot 2024. Blant hovudårsakene er høgare renter, auke i driftskostnader og høgare prisar på materiell til å byggja ut, fornya og halde ved like straumnettet.   

  - Me har forståing for at dette kjem på eit leit tidspunkt for fleire, no i førjulstida. Samstundes, sidan me har eit rammeverk me må forholda oss til frå RME, lyt me justera prisane no – også for å hindra for store endringar i nettleiga om gongen, seier Bjørn.  
 
Og legg til: 

- Nettleiga vert i hovudsak nytta til vedlikehald og oppgradering av straumnettet. Det er planlagt store investeringar i samband med det grøne skiftet, noko som også vil vera med å påverke nettleiga dei kommande åra, seier Bjørn. 

Kakediagram nettleige

Investeringar for framtida

Det kommande tiåret vil Sygnir måtte investera opp mot ein milliard kroner for å modernisera og effektivisera straumnettet, noko som vil vera eit avgjerande bidrag til klimaomstillinga i vår region.  
 

- Krava til eit effektivt og sikkert nett vil verta større med elektrifiseringa av samfunnet, og me må oppgradera vårt gamle nett for å imøtekoma det. Med desse investeringane rustar me Sogn mot ei berekraftig framtid, avsluttar Bjørn. 

Nye nettleigeprisar for 2024 kan du lesa her.


Forrige
Forrige

Andrea er Sygnir sin første administrasjonssjef: - Spanande

Neste
Neste

Røykvarslaren – di viktigaste livsforsikring