Vil du rusta Sogn for framtida?

Søk jobb hjå oss i dag!

Sygnir er med på å rusta Sogn for ei framtid i det grøne skiftet. Me driftar nettlinjer med ei lengd på til saman 2500 kilometer, og har investeringsplanar inne for nærare 800 millionar kroner dei neste ti åra.

Sjekk ut våre stillingar til utlysing ved å klikke på denne lenka.

Finn du ikkje stillinga som passar til deg, men er framleis nysgjerrig på å jobbe hos oss? Då oppfordrar me til å sende open søknad! Meir om oss kan du lesa under.

Eit samarbeid på tvers av kommunegrensene

Ønskjer du å bu i Sogn, men er usikker på kvar du vil busetja deg? Ingen problem! Våre over 80 tilsette jobbar på tvers av regionen og me har kontorstad både i Balestrand, Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Moglegheitene er mange, men arbeidsvilkåra og oppgåvene er stort sett dei same.
 

Smilande montør i Lærdal

Stian Ørbech Mo jobbar som montør i Lærdal. Han trivst svært godt med å ha mykje av arbeidskvardagen ute.

- Eg likar jobben min svært godt. Det er ein variert arbeidsplass, og for min del er det ekstra positivt at eg får jobba mykje ute i fin natur, seier energimontør Stian Ørbech Mo som held til på Lærdalsavdelinga.

Sygnir vart til som følgje av samanslåinga mellom nettverksemdene til Sognekraft, Lærdal Energi og Aurland Energi i 2021. Samanslåinga gjorte at Sygnir vart ein av dei 20 største nettselskapa i landet. Slik sett bit ein godt ifrå seg, sjølv i «vesle Sogn». 

- Eg trur samanslåinga har gjort oss meir slagkraftige enn me tidlegare var kvar for oss. No har me ein samla ressurs i store delar av indre Sogn som saman jobbar for å heve kompetansen og løfte kvarandre opp. Me står definitivt sterkast i lag, seier Lars Loven som jobbar frå Aurlandsavdelinga.

Tre blide tilsette i Aurland, ute

Lars Loven (midten av biletet) og dei andre tilsette på Aurlandsavdelinga trivst svært godt etter samanslåinga til Sygnir..

Stå-på vilje og vinnarkultur

Bjørn Carlsen byrja i 2023 i jobben som ny konserndirektør nett i Sygnir. Sjølv om han er fersk i stillinga som Sygnir-sjef, har han raskt latt seg imponera over stå-på viljen og gjennomføringsemnen han ser på tvers av selskapet.

- Det er nesten som ein vinnarkultur blant dei tilsette som sit i mellom veggane, der knapt ei utfordring er for stor.

Montør i stolpe. Fjell i bakgrunn

Utfordrande natur er ingen problem. Knapt ei hindring er for stor for tøffe montørar og ingeniørar i Sygnir.

Han legg til:

- Ein lyt nesten ha den mentaliteten for å trivast skal ein drive nettverksemd her. Om ein ser på naturen så er det definitivt blant dei mest utfordrande terrenga for bygging og vedlikehald av linjer, men me får det til. Det er takka vera våre motiverte og dyktige tilsette som kvar dag går på jobb med ein grunnleggande motivasjon om å rusta Sogn for det grøne skiftet.


Forrige
Forrige

Spenningssetting i Feios

Neste
Neste

Samarbeidet med fagskulen skapar vekst og gode karrieremoglegheiter